torsdag 17. september 2009

Vår på Antsirabe

Det er vår på Antsirabe. I hagen har fleire vekstar begynt å blomstra. Mange av desse har virka nokså daude, men plutselig står dei i full skrud. Det er vakkert!

Det første treet som livnar, var ferskentreet. Plutseleg var det heilt rosa av blomster. Ingen blad, men dei kom fort etter. No er det alt begynt å bli frukt så ein kan sjå at om ei tid så kan vi gomla på fersken.




Julestjerna står også i full blomst. Dette er nok ei som er forsinka. Gartnaren har nettopp frisert dei store buskane, men denne fekk stå. Eg veit ikkje heilt kva som kan vera grunn til at ho står så fint no. Dei andre hadde berre raude toppar rundt 17.mai.






Rundt uteplassen vår veks det fleire bougenvilla. Desse står også i full blomst og er berre nydelege. Vi kosar oss mykje med kaffien i skuggen under desse.





Til våren høyrer også arbeidet ute på åkrane. No ser vi at bøndene er i full sving med å spa opp risåkrane sine. Dette er eit frykteleg tungt arbeid. Det er tungt handtverk. Bonden har ein liten spade med eit tungt skaft. Så brukar han armkraft for å støyta spaden ned i jorda. Det er ikkje slik vi er vant til når vi bruker spade. Vi bruker foten til å trø spaden ned. Når jorda er snudd, set dei vatn på og så skal jorda "malast" til ein graut før ein kan planta ut dei små risplantane. Det er flott å sjå rismarker som er klare.

Når det gjeld grønsaker er det nesten vår og haust heile året. Dei sår og haustar heile tida. Nydeleg.
Ellers er varmen begynt å koma til innlandet og. Det er varme dagar og levelege kveldar. Vi har slutta å fyra i ovnen!