Antsirabe by, ein storby på Madagascar, men liten i forhold til Antananarivo. Men som i hovestaden er her allèar med zaccaranda, nydeleg! Her er eit vatn rett framfor Ranomafana. Der knausar dei gamle flotte badebygningane framleis. Dei har fått seg ein liten oppshining. Det kan ein ikkje seia om vatnet. Det er nesten gjengrodd av plantar. Dei blomstrar fint, men det er på grunn av forurensnigen.
Langs dette vatnet, spring det framleis fram varme kjelder. Det er mange gassarar som vaskar seg der, eller som drikk av vatnet. Det skal vera så helsig.
Langs dette vatnet, spring det framleis fram varme kjelder. Det er mange gassarar som vaskar seg der, eller som drikk av vatnet. Det skal vera så helsig.
Kan ikkje seia at det er noko vakkert syn når ein ser bortgjennom gata og det er blåe "dekorasjonar" på eine sida av gata, og raude på andre. Tenkjer då på visse byar i Norge der det har vore på tale at enkelte foretak skal få reklamera mot at dei har visse service oppdrag. Desse kan ta lærdom av Antsirabe.
Men det ser ikkje ut til at pousse-pousse kjørarane bryr seg noko særleg om den nye opprustninga. Dei trekkjer på folk som er villige til å setja oppi vognene deira som før.
Ved Ranomafana er det blitt eit nytt parkanlegg. Der er benkar, alle raudmalte og pryda med reklame for øl. I tillegg er det satt opp eindel boder der ein får kjøpa scnaks og drikke. Utover veldane høyrer ein tydeleg at det er mange som har teke til seg for mykje av det siste. Det er blitt eindel uroleg i dette området om kveldane. Dette er i gunn nytt. Tidlegare har stillheten og roen senka seg saman med mørket.
Midt i Antsirabe er ein flott avene, og i enden av den tronar Hotel Des Thermes. Dette er eit flott hotel som nok har sett betre dagar. No er det lite turistar, og dette gjer stort utslag på økonomien.
Til tross for dårleg økonomi prøver dei å halda ein viss standard i oppkjørselen. Der er mellom anna ein flott fontene som er vannbyen verdig. Her er det kaktusen som er blitt strigla.