søndag 21. februar 2010

Besøk på Fihaonana, jordbruksskolen Vohipeno


Besøk på Fihaonana i Vohipeno!
Då vi kom , var studentane klare for morgonandakt. Presten som skulle ha andakta, var ikkje komen. Difor begynte dei sjølv med å bønestund og Bibellesning. Dei song også.











Vi fekk omvisning på skulen, og noko av det første vi møtte, var kaffibusken.




Clarisse var med frå ProVert.



Rektor på skulen var i Tana på møte. Difor var det Noely som viste oss rundt. Han er svært engasjert, og han forklarte villig korleis dei tenkte, planlegg og plantar. Dei forsøkjer å satsa på ein del ulike plantar, slik at nokon av dei heile tida kan gje avkastning. Han sa at dei er altfor avhengig av visse plantar. Så kjem det ein syklon, og så er avlinga øydelagt. No prøver dei å fnna plantar som kan klara både tørke og syklon. Bananpalmen er liksom den grunnleggjande. Dette er ein plante som gir frukt heile året, og er difor er svært viktig.
Dei har også eit område der dei tek vare på og prøver å gjenskapa den opprinnelige skogen.

Dei har planta mange slag plantar. Her ser vi ein nellikbusk. Der var ikkje frukt no, men når ein knepper eit blad, vert det god krydderlukt.



Bananpalmer har dei planta mange av i eit nytt forsøksfelt.



Like i utkanten kan ein sjå den opprinnelige skogen. Den er spanande og svært viktig å ta vare på.

Som alltid, friske barn finn på noko å leika seg med. Her har dei funne ei trillebår. Den er svær, men ein kjører og dei andre er passasjear. Men det vart for fristande å sjå på utlendingen som tek bilde, og med eingong inntek dei "fotooppstillingen."






Vakre blomar og blomstrande tre er det mange slag av på Fihaonana.



Brødfrukt er ei anna svært spesiell frukt. Den heng som svære posar oppetter stammen.
Etter ei lang omvisning i sterk varme og ei tom vannflaske, gjorde det godt å få setja seg ned i det nye gjestehuset med eit kaldt glas ananasjuice. Der vart også middagen vår tillaga. Det lukta sterkt av ingeferrot og nellik. Spanande å sjå kva det som vart kokt.


Fihaonana deltek i Det grønne programmet. Ein prøver å finna måtar å ta best mogeleg vare på resurssar og miljø, og formidla kunnskap om dette.

Her har dei konstruert ein kokeredskap til å koka ris i. Dei kokar opp vatnet med ris, set det over i eit skap tilpassa gryta og der veggane er isolert godt, så breier dei over sekkar og anna dekke, og risen er klar når studentane skal ha middag. Dei sparer mykje brensel på denne måten.





Risen er klar til å ausa opp.



Men før det var tid for mat, skulle Ndrina ha ei økt med studentane. Han underviser i "grøne aktivitetar"





Nokre studentar sette seg til å sy, og sjølvsagt måtte Britt ta bilde.








Som alltid finn Nilsen ein plante han har lyst på. Noely var med det same klar til å hjelpa. Han delte ei vannflaske, fylte med jord og planta.
Nokre dagar seinare var planten på plass i blomsterpotte utanfor huset på Antsirabe. Blomstrane var borte, men planten lever, og det vil vel koma nye blomster sjølv om det først blir etter at Nilsen er reist. Det var ein spanande og lærerik tur!

Ingen kommentarer: