mandag 15. mars 2010

Farimbona, stor byskule der døve og blinde elevar blir inkluderte.


Farimbona!
Dette er ein stor, gamal skule som ligg i sentrum av Antsirabe.

Der er elevar på alle klassetrinn frå førskule t.o.m. lycèe. Der er mange bygningar, og ei gate går midt gjennom skuleområdet. Difor har det blitt byggt murar som skal skjerma mot gata på begge sider. Skulen er plassert mellom dei to katedralane på Antsirabe.
I ProVert er eit av satsingsområda, inklusjon av døve og blinde elevar i vanleg skule. Desse gruppene har enten hatt spesialskular eller dei har fåe tilbod om undervisning. No ønskjer ein å betra tilbodet, dette går m.a. på å tilretteleggja for at dei kan gå i vanleg skule. Det vart derfor inngått avtale om å få igang inklusjon av ei gruppe døve og blinde elevar på ein skule i Antsirabe der det ligg store spesialskular. Valget fall på Farimbona. Dette var eit godt valg, ein svært dyktig og entusiastisk rektor, Mme Hanitra. Melle Heri sørgjer for at alle papir vert underteikna.
Det var ein fornøyelse å vera på besøk i klassen der dei døve var inkludert. Der var tre lærarar i klassen. Alle tre var aktive i undervisninga. Det såg ut til at alle elevane tykte at den nye klassesituasjonen var spanande. Dei høyrande elevane var blitt flinke til å forstå og bruka døvespråk. Det vart spurt om nokon av elevane ville koma fram til tavla og be bordbøn før dei fekk pause med litt mat. Mange meldte seg, og tre elevar fekk koma fram. Desse bad og brukte også døvespråk.

Lærarane driv personleg veiledning både for døve og høyrande elevar.
Når ein skule vert med i ProVert vert det viktig å rydda opp både ute og inne. På Farimbona hadde dei ein heil dag då heile uteområdet vart ordna. Dei laga nye plenar, rydda i blomsterbed, bar bort rusk og rask og alle var engasjert.


Inne vart golva kosta, og i nokre klasserom vart golva "vaska" med blad av ein eller annan plante. Elevane la desse på golvet, trakka oppå og "dansa" avgarde.
Utafor veggane vart det rydda i blomsterbed.


















Dei laga nye plenar. Då spadde dei torver andre stader og la ferdigplen. Godt å ha sterke ungdomar som kan ta eit tak. Det vart også lagt plenkant rundt heile basketball og volleyballbana. Så skulle murane rundt skulen ordnast, men til dette arbeidet måtte ein ha fagfolk.
Det blir spanande å sjå korleis dette utviklar seg. No er ein igang med å laga til eit leikeområde for dei minste elevane. Så skal ein byggja to overbygg der elevane kan sitja i ly for både sol og regn. Det er viktig at både elevar og lærarar er motiverte for det "nye prosjektet", og slik ser det ut til å vera.

Ingen kommentarer: