mandag 13. april 2009

Lassevis med trillebårer!

Torsdag var det tid for innkjøp av agrikulturelt utstyr. Vi kjørte til ein butikk der dei selde alt frå hengelåsar, badekar og møkkagreiper til trillebårer, sement og baderomsfliser. Vi skulle handla inn til nokre skular. Det som stod på lista, var spadar, greiper, river og trillebårer. Utstyret skal brukast i skulehagane der dei m.a. dyrker grønnsaker som vert brukt i skulekantinene. Viktig arbeid. Av trillebårene kunne vi velja lokalt laga og importerte. Vi vart fortalt at dei lokale var meir solide og robuste, men dei var ikkje så estetiske. Dessutan var dei mykje rimelegare. Vi kunne jo snart stadfesta at dei såg robuste ut, men skjønnheten var noko mangelfull. Likevel fall valget på desse. Vi kjøpte 38 stk. Desse skulle fraktast til eit lager for vidare distribusjon over påske.



Bilen vår passa ikkje akkurat til transport av desse mengdene. Då får ein bruka dei lokale transportane, og bilda viser korleis det foregår. To fulle kjerrer måtte til! I allefall kom trillebårene på plass og er klare for vidare sending. Det skal skje torsdag då vi skal ha eit kurs for rektorar som hjelper oss med oppfølging av skular. Vi skal drøfta saman med dei korleis og kva ein skal undersøkja når ein er på skulebesøk. Samstundes er det svært viktig å kunna hjelpa lærarane med det dei ikkje får til.
Vi har to spanande dagar framfor oss.

Ingen kommentarer: