fredag 1. mai 2009

Besøk på skolen i Tulear

Mandag var det skulen i Tulear som stod på programmet. Tulear er ein storby på sør-Madagascar. Her er eit stort Luthersk College. Denne skulen er ein teken ut som ein pilotskule i prosjektet. Eg hadde ikkje vore her sidan 2001 då eg arbeidde i UNICEF prosjektet. Må berre seia at det var litt trist å koma tilbake og sjå tilstanden. På denne skulen er det ein komite som skal arbeida for å få skulen på fote att. Johanne og Bjørn Leinebø er heldigvis med i denne komiteen.
Møtet vårt vart halde i eit bra klasserom. Rommet var framleis pynta med julepynt, men der var også ein del elevarbeid på veggane. Det er kjekt å sjå at dei enkelte stader er begynt å sleppa fri kreativiteten. Vanlegvis gjer elevane akkurat det same som lærarane, brukar lite kreativitet. På møtet vart stoda på skulen gjennomgått. Som bilete under viser, er det
ikkje alt som er like greitt. Taket i dette klasserommet er fullt i hol. Det ser nesten ut som nokon har stått under og skote med hagle gjennom taket. Det verste er at entreprenøren som held på med rehabiliteringa har hatt bølgeblikket av, skifta sperrer og lagt bølgeblikket tilbake på taket. Det må jo berre skiftast! Ellers vart det teke ei synfaring på andre byggningar og bestemt kva som bør gjerast. Etterpå snakka ein om det pedagogiske tilbodet til elevane. Dette er ein skule der elevtalet er synkande. Ein prøver å finna ut kvifor. Lærarane skal kursast og følgjast opp både når det gjeld språk og undervisning. Ein vonar framleis at dette skal kunna bli ein mønsterskule, men ein må vel vera så realistisk å våga vedgå at det krev stor innsats av alle dei impliserte.
Lærarbolig i utkanten av skuleområdet. Dette var boligen til rektor i mange år. No har han flytta, men no er det andre lærarar som bur her. Trur neppe det tilfredsstiller standaren til norske lærarar.

Ingen kommentarer: