fredag 1. mai 2009

På restaurantbesøk med Johanne og Bjørn

Le Jardin!
Etter skulebesøk i Tulear, bar det like til restauranten saman med Johanne og Bjørn for å få mat før ein starta på tilbaketuren til Fianarantsoa.
Le Jardin er ein koseleg restaurant, driven av ein italienar. Veggane og taket er dekte med gassisk kunst. Innehavaren kjøper inn kunst for å støtta. Stundom vidaresel han, men mykje samlar han. Då eg sat der begynte eg å mimra frå jula 2000. Julafta det året feira vi i denne restauranten i varme og pøsregn. Ei spesiell oppleving.
Denne gongen måtte eg sjølvsagt ha pizza. Kan berre seia at den var knallgod! Etter maten var det tid for retur nordover igjen mot Tana.

Ingen kommentarer: