fredag 1. mai 2009

Retur frå Tulear og Bezaha

Returen frå Tulear.
Vi kom seint avgarde. Vi skulle ikkje reisa seinare enn klokka 13.00, men som alltid vart vi seinka og forlet ikkje Tulear før klokka 14.00. Planen var å nå Fianarantsoa om kvelden, og at så skjedde ikkje altfor lenge etter at det vart mørkt.
Det var heller ikkje noko å seia på farten. Vi hadde ein driven sjåfør som var godt kjent på vegen. Vi suste forbi landsbyar. Det er 40 km fartsgrense i byane, men det virker som målet er å halda så stor fart som mogeleg. Då går det unna. Desse landsbyane er nokså like. Små hus med stråtak. Husa ligg like i vegkanten. I ein av desse byane vart vi stoppa av politiet. Dei spurde kvar vi hadde vore og kvar vi skulle. Dei ville også be oss kjøra varsamt fordi det var så mykje grasshopper i området. Det såg vi rett etterpå. Vegen var dekt med grasshopper. Det rann som elvar over vegen. Følte nesten ein høyrde knaselydane når vi kjørte over dei.

Landskapet varierer mykje. Ein kjører over store sletter med lite skog, men eit og anna kjempetre, baoba, ruvar i landskapet. Det blir likevel vanskeleg å fanga desse på bilete når bilen er i stor fart. Ein blir fylt med undring og respekt når ein ser desse kjempetrea. Dei er berre supre.
Når ein er ferdig med desse områda, kjem ein til eit område der dei grev fram store mengder med Safir-steinar. Her har vakse fram to byar, den eine heiter Ilakaka, den andre er navnlaus for meg. Då vi var her i 2001 var dette stort sett bebygd med rønner av plast, bølgeblikk og papp. No er der fleire kyrkjer, skular, tilbod på det meste av både godt og det som ikkje er så bra. Det er heilt utruleg å sjå endringane som har skjedd i løpet av kort tid. Det var rart å sjå byen seint på kvelden. Indarar sat innanfor gitter og vurderte safirsteinar som var levert inn for salg. Dei som skulle selja stod utanfor og venta. I dette området er det rein "Klondyke" stemning.

Nokre mil nord for Ilakaka ligg Izalo-fjella. Dette er eit merkeleg og interessant fjellparti. Det er så flott å gå i dette fjellet. Her kan ein møta lemurar, camelonar og andre kryp. Her kan ein bada i eit basseng som ligg i ein oase som nesten må vera Edens hage. Krystallklart vatn som kjem oppav fjellet. Ulempa er at ein er nøydd til å ha med seg guide når ein skal inn der.
På norsida av fjellet ligg Ranohira. Denne byen har også hatt ein eksplosiv folkeauke siste åra.



Like nordfor Ranohira ligg Horombe, ei svær slette. Det var flott å kjøra i dette området i solnedgongen. Ein kan jo tenkja på dei store mulighetane for jordbruk i dette området. Den avsatte presidenten begynte. Han har satt opp eit stort bygg, og anlagt svært maisåkrar. Eg veit ikkje kor lett det er å skaffa vatn i dette området. Det er stort sett berre gras som veks. Der det er ei klyngje med tre, der er det også ein landsby. Ellers er det stort sett berre kvegflokkane og
gjetarane deira som oppheldt seg i solsteiken her.

Så kom natta. Det vart svart rundt oss. Vi hadde passert Ihosy og var på veg mot Ambalavao. I dette området driftar dei mykje storfe mot innlandet. Det er svære kvegflokkar som vert drifta, stundom går dei på selttene og stundom på vegane. Når kvelden hadde lagt seg, var det fasinerande å sjå utover slettelandet. Mange av gjetarane hadde små plasttelt med seg. Så laga dei seg bål og kokte mat. Dyra hadde nok også roa seg. Så såg vi at dei hadde begynt med grasbrenninga. Brannane lyste opp i natta. Det er fasinerande å sjå, men det er så trist at dei framleis heldt på med dette. Mange stader er jorderosjonen formidabel, jorda renn vekk. Så står det att tuer med stivt gras. Klokka 22.00 om kvelden kom vi endeleg til Fianarantsoa. Då var det berre å få seg ein dusj, og så var det senga.

Ingen kommentarer: