Dette var ein tur eg hadde sett fram til, spanande. Vi kjørte over slettelandet delvis i veien og delvis i hyppige diviasjonar der veien plutselg svinga utover slettene. Vegetasjonen var prega av steppene, mykje stivt, høgt gras med enkelte hardføre tre. Så kom vi inn i område med kratt og skog. Det var helst i nærleiken av stader der det var litt vatn. Vi kom til eit stort elveleie utan rennande vatn. Rart fordi det berre nokre dagar forut hadde vore syklon i området med enorme nedbørsmengder. Dette var berre forsvunne att, men det hadde nok gjort godt for jorda. Dyrelivet var heller sparsomt. Vi møtte spredte kvegflokkar med gjetarar som heldt seg behørleg på avstand frå veien. Men det var enorme mengder med grashopper som kom rennande over veien. Dei gassiske kollegane mine sa berre: "Stakkar Madagascar".
Då vi kom fram til byen, var det torgdag. Enorme menneskemengder. Eg kan vanskeleg forstå kvar dei kjem frå alle. Det var vanskeleg å koma fram til skulen, men velkomstkomiteen stod klar. Flokkar med barn venta på oss. Dei stilte seg freidig opp rundt meg for å sjå på denne rare utlendingen. Dei minste heldt seg i bakgrunnen, skreik dersom nokon drog i dei for å få dei fram. Men dei kjem dersom dei ser at ein skal ta bilete. Då klarer dei å overdøyva skrekken ved å koma i nærleiken av utlendingen. Dei fekk litt ekstra underhadning også. Då vi kom inn på skuleområdet, stoppa bilen like i nærleiken av 5 hundar som låg og slappa av. Med det same eg steig ut, vart føtene mine peppra med lopper. Har aldri opplevd noko slikt. Reaksjonen var sjølvsagt spark og kosting av leggar for å fri meg for lopper. Ungane som stod rundt lo, dei vaksen prøvde å vera høflege og skjulte latteren.
Så er det klart for møte. Vi starta ute under eit stort kilitre. Tenkte at det ville vera flott å ha møtet ute. Men vi oppdaga snart at det vart i varmaste laget. Difor foreslo leiaren i foreldreforeninga at vi skulle fortsetja inne. Det var godt å koma inn. Med på møtet var representantar frå foreldre, presten og rektor. Så var vi 3 som kom frå Tana. Skulen ønskjer å vera med i prosjektet vårt. Dei vart orienterte om korleis ein går fram. Vi inngår ein avtale med dei der kyrkja, skulen, foreldra og vi er samde om korleis vi skal arbeida framover.
Det skal bli spanande å sjå kva dei får til. I mine auge er det berre sand på heile området. Heldigvis har dei også vatn her.
Foreldra var interresserte i å få hjelp til å rehabilitera skulebyggningar. Så mangla dei klasserom og innventar til klasseromma. Desse var plasserte i fleire byggningar rundt i området. Då møtet var over, fekk vi omvisning på skulen.
Statistikkane viser at dette er ein skule der det vert arbeidd godt. Dei aller fleste elevane har klart eksamen.
Etter synfaringa vart vi innviterte inn til rektor på middag. Det vart servert nydeleg mat, hena ritra med salat. Etterpå var det tid for å ta farvel for denne gongen. Eg vonar at eg får tid å koma tilbake til denne skulen for å sjå korleis det går. Men vi bruker mykje tid på å reisa til desse stadane som ligg langt frå Tana. Likevel er dette eit prosjekt som skal serva skular i lite utvikla område.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar